Fotografen - i krig og kjærleik
Billetter
Om filmen
Tittel: Fotografen - i krig og kjærleik
Varighet: 1t 10min
Aldersgrense: A
Henning Wernøe (1909 -1945) var ein ung mann med lidenskap for foto og film. Han elska familien sin meir enn noko anna i verda, men i krigsårene valte han å forlate heimen og slutte seg til motstandsbevegelsen. Han kjempa for fremtida til barna sine, og slik mista han livet.
Kjell Wernøe og søstera Reidun vaks opp utan ein far. No må dei verte kjent med han gjennom 16mm-filmane og stillbilda han etterlet seg, og prøve å forstå valet hans. Filmen gir eit unikt og nært perspektiv på dei mest dramatiske åra i moderne Norgeshistorie - sett frå kameraet til ein heilt vanlig nordmann, ikkje av tysk propaganda eller gjenskapningar i ettertid. Historia om Henning Wernøe og familien hans er høgs relevant også i dag. Den er ei tidlaus påminning om viktigheten av å bevare det å vere medmenneske, sjølv når krig og øydeleggingar setter alle på dei hardaste prøver. I filmen får vi sjå Henning Wernøes eige filmarkiv frå den mest dramatiske tidsperiode i moderne tid - frå 1930-talet og fram til Wernøe fell i kamp for Bjørn West, kunn få dagar før krigen tek slutt. Filmens bodskap om å kjempe mot totalitære system - utan å hate det enkelte menneske - er dessverre like aktuelt i dag som det var for Henning Wernøe på 1940-talet. Forutan arkivopptaka vert vi kjent med Wernøe sine etterkommarar inn i notida- Mellom anna barnebarnet Astrid som har hatt en bestefar i Bjørn West (Henning) og en bestefar i Wehrmacht, på Vestlandet under krigen. Frode Fimland står bak populære dokumentarfilmar som SØSKEN TIL EVIG TID, JOHN – DEN SISTE NORSKE COWBOY og EI ØY i ei anna tid. Hans nye film er både ei forteljing om den norske motstandskampen og ei historie om ein familie som vart øydelagt av krig – med det unike arkivmaterialet Henning Wernøe etterlet seg som fellesnemnar og bindeledd.